Dansk Svensk Gårdshund Forum - Danish Swedish Farmdog Forum Dansk Svensk Gårdshund Forum - Danish Swedish Farmdog Forum

 
Hjelp :: Søk :: Medlemsliste :: Grupper :: Registrer
Profil :: Private meldinger :: Logg inn




Oppdragelse av VANSKELIGE HANN HUNDER
Gå til side Forrige  1, 2, 3
 
Ny tråd   Svar på tråden    Tilbake til forsiden -> Lydighet
Les forrige tråd :: Les neste tråd  
Forfatter Beskjed
Grete



Registrert: 13.09.2006
Innlegg: 248
Bosted: Larvik

InnleggSkrevet: ti. des. 23, 2008 21:04    Emne: Svar med sitat

Litt forenkla kan me sei at me har to metodar for å endra på adferd, det er negativ forsterking (korrigering) og positiv forsterking (belønning). Negativ forsterking har fokus på adferder me vil bli kvitt, me korrigerar uynskt atferd, mens positiv forsterking har fokus på adferder me ynskjer meir av, me belønnar dei adferdene me vil ha.
Uansett metode må desse tilpassas hunden ein trenar, det som er korrigering for ein hund (f.eks. eit lite napp i bandet) vil ikkje fungera som korrigering for ein annan hund, og det som er belønning for ein hund (f.eks. fiskepudding) vil ikkje vera belønning for ein annan hund.
Brukar ein korrigering er heile poenget at ubehaget er så stort, at hunden ikkje ynskjer å gjenta atferda han blir korrigert for ein gong til. Like viktig som sjølve ubehaget som blir tilført, er timinga. Blir ikkje ubehaget tilført på riktig tidspunkt, har hunden ingen forutsetning for å vita kva atferd me ynskjer å påvirka.
Det same gjeld belønning. Syns ikkje hunden at godbitane du gir han er spesielt gode, vil dei ikkje ha ynskt effekt på atferda du ynskjer å forsterka. Og om hunden syns godbitane er kjempegode, men du gir han dei på feil tidspunkt, vil dei heller ikkje ha ynskt effekt på atferda du ynskjer å forsterka.
Begge desse metodane er effektive for å endra atferder dersom dei vert brukt riktig, men eg sluttar ikkje å undra meg over folk som kan bruka eit heilt hundeliv på å gå å nappa i bandet for å få hunden til å gå fint i band, utan å vurdera effekten av metoden!
Skulle jo tru at dersom ein ikkje får resultat i alle fall etter eit år eller to (!) så ville ein prøva noko anna....!
Undrar meg også over folk (og det er nok ein del som meiner at eg tilhøyrer denne gruppa.... Smile )som puttar godbitar i hunden sin i tide og utide anten dei ser resultat eller ikkje.
Det som er vanskeleg med bruk av negativ forsterking, er at det kan vera vanskeleg å finna rett type og rett styrke i korrigeringane, og at bruk av korrigeringar generelt kan ha ein del tilleggseffektar, særleg om dei blir brukt feil. Det kan f.eks. vera at hunden blir redd for nevar, at hunden blir redd ein spesiell person som har tildelt han korrigering, eller at hunden blir generelt usikker fordi han ikkje skjønar kvifor han blir korrigert.
Slik sett er feil bruk av positiv forsterking meir tilgjevande, du kan riktignok få ein lengre vei til målet om du brukar det feil, og attpåtil få ein masete og det nokon vil kalla ein uoppdragen hund, men desse sideeffektane vil vera lettare å ta igjen sidan om du får kyndig hjelp.
Syns det er veldig bra at de,Lars Erik og Maria, understrekar at de har fått kyndig hjelp til trenninga med Olli. Dersom ein ikkje har kunnskap nok sjølv, er det svært viktig å søkja hjelp når det er så vanskelege ting ein skal jobba med, nettopp av grunnar som er nevnt ovanfor. Det at de ser resultat av treninga visar jo nettopp at de har klart både tilpassing av type korrigering og timinga riktig.
Eg håpar ingen set i gong eit slikt program utan kyndig veiledning!
Sjølv har eg valgt å prøva med positive metodar, men det er like viktig her å søkja kyndig hjelp dersom ein skal oppnå resultat.
Eg har også valgt å kastrera Eddy. Om eg kunne oppnådd same resultat utan å kastrera han er for så vidt ei uinteressann problemstilling, for eg trur ikkje Eddy lever noko mindreverdig liv som kastrat, og det hadde ikkje under noko omstende vore aktuelt å bruka han i avl!
Ynskjer dykk masse lukke til med Olli, og det var frykteleg trist å lesa om Bobbi!
Helsing Grete&Eddy
Til toppen!
Vis profilen til brukeren Send en privat melding
Vis innlegg fra:   
Ny tråd   Svar på tråden    Tilbake til forsiden -> Lydighet Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT - 1 timer
Gå til side Forrige  1, 2, 3
Side 3 av 3

 
Gå til:  
Du kan starte nye tråder
Du kan svare på tråder
Du kan ikke endre dine egne innlegg
Du kan ikke slette dine egne innlegg
Du kan ikke stemme ved avstemninger



smartDark Style by Smartor
Powered by phpBB © 2001, 2002 phpBB Group
 

Søk blant norske bedrifter på io.no